Volda kommune forskotterer spelemidlar til ridehall

Kommunestyret fatta den 28.05.2020 vedtak om å gi Volda rideklubb ein kommunal lånegaranti på 6.000.000 kroner. Volda rideklubb har i ettertid søkt om forskottering på spelemidlar og momskompensasjon på 3.507.549 kroner knytt til dette lånet. 24. mars var saka oppe i kommunestyret, og det vart samrøystes vedteke å innvilge beløpet. Forskotteringa vert finansiert av kommunen sine eigne likvide midlar.  Denne forskotteringa gjer at klubben får ned rentekostnaden og dermed kan betale ned lånet raskare enn estimert lånetid. Forskotteringa kan spare rideklubben for kring 42.000 kroner årleg.