Vellukka rideleir

11.-12. september arrangerte Volda rideleir for barn og unge over 9 år. Vi fekk støtte med Magne Haugens Minnefond til gjennomføring av leiren, noko som gjorde at barna fekk delta heilt gratis! Dette var eit populært tiltak, og dei 12 plassane på leiren vart fylt opp på få timar. På leiren fekk barna lære stallstell, stell av hest og påsaling. Vidare fekk dei ri både på tur og bane, og det var lagt opp til ei matpause med teori på slutten av kvar dag. Eit kjekt og vellukka arrangement. Takk til dei som stilte med hestar, stallar og som instruktørar!

FLEIRE NYHENDE