Vellukka klubbstemne

Søndag 17. oktober arrangerte VRK internt klubbstemne i sprang, med klasser frå bom på bakken til 70 cm. Bom på bakken var største klassa, med heile 19 deltakarar! Det vart elles ridd fleire fine, feilfrie runder på stemnet, og det var bra med publikum. Kjekt å endeleg kunne arrangere stemne igjen! Vi håper å få til minst eitt stemne til før nyttår.