Utvida klubbstemne i sprang

Kristi Himmelfartsdag byr Volda rideklubb inn til utvida klubbstemne i sprang på Vollane. Det vert også nokre interne klubbklasser. Vi tilbyr klasser frå bom på bakken (20 cm) for juniormedlemmar til 90 cm. Heile ti juniormedlemmar tek del, alle på lånt hest. Stemnet startar kl 10:00 med banevisning, og klassene går deretter fortløpande. Interne klubbklasser vert til slutt. Open kiosk. Vel møtt!

Ps: Helga 15.-16. juni arrangerer klubben distriktsstemne i sprangriding for fyrste gang sidan 2009. Vi håper mange finn vegen både som deltakarar, medhjelparar og heiagjeng!