Trening for Silvia Van Hesik Førde

silviaSilvia Van Hesik Førde underviser i dressur og sprang på ridebana i Volda. Treningane er i samarbeid med Ørsta ride- og køyreklubb.

Silvia som bur på Stårheim i Eid kommune har i mange år drive med oppdrett av varmblods ridehest på Nordfjordeid, der ho også underviser på andre året ved Hestelinja på Fjordane Folkehøgskule. Ho er ein habil konkurranseryttar, og har mange gode plasseringar å vise til.

Pris: 400 kr per privat halvtime (inkludert køyring, betalast ved oppmøte). Det må vere minst 8 påmeldte for at det skal bli trening.

For påmelding og meir info,

ta kontakt med Liv Jorunn Nyhagen pr e-post:  livjorunn@voldarideklubb.no

eller følg med på facebook gruppa: Silviatrening for Volda og Ørsta

 


Brogges-HippotekTrening for Matilde Brogge

Matilde Brogge underviser i klassisk ridekunst, med både i bakkearbeid og riding.

Privat ridetime 375 kr for 40 minutt innafor køyretid på 2 timar (ein veg).

Matilde bur på Stårheim i Eid kommune og har mykje erfaring innan denne forma for riding. Ho jobbar med hest på fulltid og har for tida 7 hestar. Ho har også hestar i fullpensjon og trening i perioder. Matilde-BroggeHo underviser ein del i Volda og Ørsta samt andre stader i landet med både helgekurs og treningar.

Klassisk ridekunst passar til alle hestetypar og er ei veldig kjekk form trening av hest og rytter. Rideforma har fokus på ”dressur for hesten” og ikkje “hesten for dressuren”, og det stiller då ingen krav til hestens fysiologi, rase eller avstamming. Rideforma er opptatt av at rytteren mellom anna tileigner seg kunnskap om både hesten og sin eigen fysiologi, for å kome vidare på vegen mot ein betre samkjørt ekvipasje.

For påmelding og meir info,

ta kontakt med Edle Holmin pr e-post: edleelisabet@gmail.com


Trening for Anja Grønnevik Kirketeig

Anja Grønnevik Kirketeig underviser i dressur og sprang på ridebana i Volda.

Anja bur i Ørsta og er utdanna til trinn 2 ridelærar frå Starum, og jobbar i dag som instruktør på Hestelinja på Fjordane Folkehøgskule. Ho har konkurrert opp til intermediere i dressur og 120 cm i sprang. Ho har to eigne hestar.

Pris: 250 kr pr privat halvtime

For påmelding og meir info,

ta kontakt med Liv Jorunn Nyhagen pr e-post: livjorunn@voldarideklubb.no

 


Trening for Ida Kristine Standal

Ida Kristine Standal bur i Volda og har 3 eigne hestar, fjordingar. Ho har mange plasseringar tom LA i dressur og 90 cm sprang.

Ida underviser i dressur og sprang både i Volda og Ørsta. Treningane er ope for alle uansett nivå, også unghestar som ikkje er ryttervande. 

Pris:

  • 150 kr for privat halvtime
  • 150 kr per pers på gruppetime 45 minutt (maks 2 stk).

For påmelding og meir info, 

ta kontakt med Ida Kristine Standal pr epost: ida@voldarideklubb.no
eller pr tlf: 979 55 113

Følg med på facebook gruppa: Ida-treningar i Ørsta