Studenthjørnet

Lurer du på å flytte til Volda for å studere og ta med hesten?

Her er ei lita oversikt over aktuelle kontaktpersonar som kan vere nyttige:

  • Veterinær Anne Stine Foldal Aam tlf 959 42 595
  • Veterinærvakta tlf 70 06 89 64
  • Hovslagar Odd Anders Otterstad tlf 996 14 513
  • Hovslagar Audhild Grov tlf 980 81 255
  • Kiropraktor Henriette Svendsen tlf 975 46 882
  • Sal av høy Ola Nord tlf 415 35 010

Elles kan du sjå på sidene “Hestar og stallar” og “Treningar” her på nettsida.

Under kan du lese om forskjellige studentar sine erfaringar med Volda og rideklubben.

Annika Brandal

Kvifor valde du å studere i Volda? (og kva studerte du)

Eg studerte Planlegging og adminstrasjon ved Høgskulen i Volda, frå 2003-2006.

Hadde du høyrt om Volda rideklubb før du kom hit?
Var det avgjerande for deg å finne ein studiestad med godt hestemiljø?

Eg valde Volda som studiestad av fleire grunnar, blant anna dei lave boligprisane og at eg visste der var eit godt hestemiljø.

Korleis vart du kjend med rideklubben?

Eg blei kjend med Liv Jorunn i rideklubben nokre år før, og hadde også besøkt Volda i samband med eit par arrangement til rideklubben tidlegare. Såleis kjende eg til rideklubben frå før av.

Har du engasjert deg i klubben? Korleis?

Første året i Volda var eg utan hest, og valde å engasjere meg i aktivetsgruppa og banegruppa til rideklubben, for å få snuse litt hestelukt. På den måten blei eg godt kjend med mange hestefolk både i Volda rideklubb og naboklubben Ørsta. Det var også veldig kjekt å sjå ridebana bli ein realitet, spesielt når eg fekk vere med frå «første spadetak»! Eg er av den typen at eg får «energipåfyll» av å kunne gi noko til mange, såleis ga det meg mykje å vere engasjert i klubben. Eg hadde også ei periode i styret, eller var det to?

Føler du at du har fått utbytte av å engasjere deg? Korleis?

Etter eit år utan hest, fekk eg tilbod om å vere forrytter til ein hest, og det var ei fin ordning for både meg og hesteeigar. Eg fekk endå ein fot innanfor – og eigar hadde nokon å spele på lag med i ein hektisk kvardag.

Fordelar med å ha hest i Volda, kontra andre studiestader? Eventuelt ulemper?

Eg har ikkje studert nokon annan stad enn Volda, i tillegg til mitt år på Fjordane folkehøgskule, så eg veit ikkje så mykje om korleis det er å ha hest andre stadar. Men når det gjeld prisar og turmuligheiter, trur eg Volda er ganske heldig stilt. Det er relativt rimleg både å bo og ha hest, i forhold til mange andre stadar. Ein del av stallane er dugnadsbaserte, men det syns eg berre var kjekt – eg vil gjerne vere med på meir i hestekvardagen enn å berre vere i stallen ein liten tur for å ri. Og når det gjer at prisane vert lågare, er jo det berre eit stort pluss! No har det kome ny ridebane sidan eg var student, og den er endå større. Eg skulle gjerne vore ein del av hestemiljøet no også – spesielt sidan kjøremiljøet har fått gode fasilitetar!

Tips til hesteinteresserte studentar som vurderer å kome til Volda i framtida?

Det siste året mitt valde eg å ha eigen hest, og vi fekk ei super tid i lag i Volda. Der var eit stort og kjekt hestemiljø, enorme turmuligheiter, både på fjellet og på «bakkenivå», fine treningsmuligheiter med eiga ridebane og gode tilbod både med kurs og stemner! Vi sakna Volda både eg og hesten i ettertid! Om du er glad i hest og vurderer Volda som studiestad, kan det anbefalast på det varmaste! Volda er ei bygd å bli glad i – og Volda rideklubb vil alltid ha ein ekstra plass i hjartet mitt!