Studenthjørnet

Lurer du på å flytte til Volda for å studere og ta med hesten?

Her er ei lita oversikt over aktuelle kontaktpersonar som kan vere nyttige:

  • Veterinær Anne Stine Foldal Aam tlf 959 42 595
  • Veterinærvakta tlf 70 06 89 64
  • Hovslagar Odd Anders Otterstad tlf 996 14 513
  • Hovslagar Audhild Grov tlf 980 81 255
  • Kiropraktor Henriette Svendsen tlf 975 46 882
  • Sal av høy Ola Nord tlf 415 35 010

Elles kan du sjå på sidene “Hestar og stallar” og “Treningar” her på nettsida.

Under kan du lese om forskjellige studentar sine erfaringar med Volda og rideklubben.

Karin Vatnehol

Kvifor valde du å studere i Volda? (og kva studerte du)

Eg valde å studere i Volda då det var nærmaste studiestaden som hadde sosionomutdanninga, og for eg kunne då halde fram med å ri ein tidlegare fôrhest.

Hadde du høyrt om Volda rideklubb før du kom hit?

Eg hadde ikkje høyrt om Volda Rideklubb før eg kom hit, men vart kjend med klubben ved å bruke ridebana som er eigd av klubben.

Var det avgjerande for deg å finne ein studiestad med godt hestemiljø?

Det var avgjerande for meg at eg kunne halde på med hest som student då eg tykkjer det er viktig å gjere noko anna enn berre skule.

Korleis vart du kjend med rideklubben?

Etter å ha budd eit halvt år i Volda,så vart eg med i aktivitetsgruppa, og året etter vart eg med i styret i Volda Rideklubb.

Har du engasjert deg i klubben? Korleis?

Eg sit og per i dag (juni 2013) og i styret, og tykkjer dette er gjevande og kjekt. Det er ein liten,men koseleg og kjekke gjeng.

Føler du at du har fått utbytte av å engasjere deg? Korleis?

Å engasjere seg er viktig, både for det sosiale sin del og for fellesskapet sin del. Volda Rideklubb hadde ikkje vore til hadde det ikkje vore for frivilleg arbeid, og slik er det med mange idrettslag og andre klubbar, så eg synes det er viktig og engasjere seg i det du brenn for. Difor har eg lagt mykje tid i frivillig arbeid for klubben, og angrer ikkje på det.

Fordelar med å ha hest i Volda, kontra andre studiestader? Eventuelt ulemper?

Det kjekke med Volda er at stalleiga her er jamnt sett mykje lågare enn elles i landet, vi har utruleg mange fine tur – moglegheiter og ridebana ligg idyllisk til, der det er fredeleg og kort veg ut i naturen. Einaste ulempen med Volda er at her ikkje er ridehall enno. Til gjengjeld er bana stor (40 m x 80 m)!

Tips til hesteinteresserte studentar som vurderer å kome til Volda i framtida?

Til slutt vil eg råde kommande studentar (og andre) til å ta med hest/fôrhest til Volda då her er eit godt miljø, hyggjelege folk (både i styret,elles i klubben og stalleigarar), fine omgjevnadar til turriding og jamnt sett låge prisar på stalleige.

På biletet ser dykk meg og den eine av dei to fôrhestane eg hadde fyrste året i Volda. Hesten heiter Fardals Sølvia, også kjend som Sylvia.