Sommarprogrammet 2020

Tidlegare år har VRK vore invitert til å ta del i Sommarprogrammet for barnefamiliar i Volda under arrangement på Haueleite, men i år fekk vi vår heilt eigen hestedag på ridebana. Datoen var 30. juli. 30 personar var påmeldt. Det var sett eit makstal påmelde på grunn av smittevernomsyn, og det fungerte fint. Barna fekk ri, strigle og kose med hest. I tillegg var det tilbod om hesteskokasting. Takk til Volda kommune for oppdraget, og alle medlemmane som stilte opp med hest!