Seier på Fjordhest NM


Fjordhest NM er over og det vart ei fantastisk avslutning på ei jamt over veldig bra veke for ekvipasjene frå Volda. Liv Jorunn Nyhagen/Pokemann vart vinnar av NM Senior og Randi Maud Mork/Bakkens Odin fekk bronse NM Junior!

Og om ikkje det var nok fekk laget med Liv Jorunn Nyhagen/Pokemann, Hanne Brunvoll/Liaguten og Randi Maud Mork/Bakkens Odin bronse! Det vart også flotte runder og plasseringar i sprang for alle ekvipasjene, spesielt for Anna Marie Wangen Mork/Aarheims Sonja med 5. plass i 80 cm jrklasse og Liv Jorunn Nyhagen/Pokemann i 80 cm srklasse.

Volda rideklubb viser at det er mogleg berre ein vil det nok og gratulerer deltakarane så mykje! 🙂 

Under kan du lese diverse artiklar frå Fjordhest NM 2018
Artikkel frå Møre: Gull og to bronsar til rideklubben i Volda
Artiklar frå Norges Fjordhestlag:
Fjordhestfest på Stord
Tok gull i sitt trettande Fjordhest-NM

FLEIRE NYHENDE