Rekordstort klubbstemne

 
Sjeldan har eit klubbstemne i sprang lokka så mange medlemmar i Volda rideklubb til start. 

Laurdag 20. mai fekk fleire sin stemnedebut på heimebane.

Totalt vart det ridd 21 starter, fordelt på tolv ekvipasjer. Hindera starta pent i 20 cm høgde og steig jamt oppover. Dei mest rutinerte avslutta dagen med 80 cm.

Fire av klubben sine juniormedlemmar reid sitt fyrste stemne denne laurdagen, og fleire kom til start med nye hestar. Det vart ridd mange feilfrie runder, som vart belønna med sløyfer, og deltakarane var også

flinke til å hjelpe til innimellom slaga. Volda rideklubb har medlemmar frå både Stranda, Ulstein, Ørsta og Ålesund, og det kom startande frå alle desse stadane.

Yngste deltakar var ni år, men der var òg vaksne til start. Flott solskin gav ei fin ramme rundt arrangementet, og is og brus fekk bein å gå på i kiosken. Neste stemne vert siste helga i juni, når rideklubben byr inn til todagers distriktsstemne i dressurriding og presisjonskøyring. Kommande helg er det duka for feltrittstrening på og kring Vollane ridebane – dette er fyrste gongen det vert arrangert feltritt i Volda, og deltakarane kjem frå heile Sunnmøre.

Sjå resultatlista her: Resultatliste sprangstemne 20. mai 2017

Foto: Hobbyfotografene Embla og Malin

FLEIRE NYHENDE