Riding på Haualeitet

 
Onsdag 28. juni stilte rideklubben opp med to hestar på Haualeitet for barneriding til stor glede for barna.

Les om dagen i Møre her:

Kjekke sommaraktivitetar på Bygdetunet

Vel blåst jubileumsshow

_SOH7882Søndag 29. mai feira klubben 20 år med eit show på ridebana. Det var mange som møtte opp i det fine veret for å sjå innslaga av medlemmane i klubben. Det var også barneriding og junior-gymkhana for dei minste og mykje godt i kiosken.

Les artikkel frå Møre frå dagen her: Volda rideklubb feira 20-års jubileum

Sjå bilete og ein liten filmsnutt frå dagen under:

Sommarshow 2016

Søndag 29. juni hadde vi sommarshow på ridebana for å feire at klubben er 20 år! Foto: Ingvild Runde og HumbersetFoto.

Det store kakesalget

12182959_10153557943025412_1278557440677178548_oTil alle våre medlemmar!
Då er det store kakesalget i gang igjen og klubben treng DI hjelp! Dette er ein enkel å fin dugnad for å få gode pengar til klubben. Hjelp oss med å selge kaker og karameller fram til 14. november og gi oss beskjed til styret om antal (kakene vil kome i god tid før jul).

Her er ei bestillingsliste som er fin å printe ut og legge i kantina på jobb eller på skulen: Bestillingsliste kakesalg.

Kjempeenkelt, bestillingane blir gjort omtrent av seg sjølv ) Eit anna tips er å dele innlegg om kakesalget på facebook, det brukar å vere veldig effektivt.

PS! Vi har ein konkurranse på gang der det vankar ein premie på den personen som klarer å selge flest kaker. 🙂

Dersom du vil kjøpe kaker med oss kan du bestille det på epost: styret@voldarideklubb.no
Sjå alle produkta på nettsida til Nordkak: https://www.nordkak.no/

Referat årsmøte og årsmelding

Torsdag 23. februar hadde vi årsmøte. Det møtte en liten gjeng frå klubben og nytt styre vart valt. Medlemmar av styret 2017 er:

  • Ida Kristine Standal
  • Andreas Eikrem
  • Linn Wangen Mork
  • Randi Mork
  • Liv Jorunn Nyhagen
  • Karin Vatnehol
  • Rakel Skram Aasen
  • Bodil Molvik
  • Stine Høgalmen

Styret konstituerer seg sjølv på første styremøte.

Her kan du lese referatet frå årsmøtet: Referat årsmøte 2017
Her kan du lese årsmeldinga: Årsmelding 2016

Årsmøte 2016


Då nærmar det seg tid for årsmøte for rideklubben.

Datoen blir: Måndag 15. februar kl. 19.00
Stad: Hos Linn Wangen Mork, Kårstadvegen 10, Volda

Sakliste:

  • Val av sekretær
  • Val av dirigent
  • Val av 2 representantar til å signere protokollen
  • Godkjenning av inkallinga og saklista
  • Lese opp årsmeldinga og godkjenne den
  • Godkjenning av det reviderte rekneskapet
  • Medlemskontingent og baneleige
  • Val av styre
  • Informasjon om planar for aktivitetar 2016

Gi oss beskjed om du vil sitte i styret eller i grupper. Saker til årsmøtet må vere styret i hende innan 5. februar. Send ein epost til styret@voldarideklubb.no om du har innspel som bør vere med på årsmøtet.

Det blir servert sjokoladekake 🙂
Vel møtt!