Vellykka sprang og dressurstemne


Helga 26-27. mai vart det arrangert d-stemne i dressur og klubbstemne i sprang på Vollane ridebane. Det var deltakarar frå både Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane som stilte. Det vart også arrangert ei klasse for juniorane med bom på bakken/20 cm.

Les meir om stemnet her frå artikkel i Møre: Vellukka distriktsstemne med Volda rideklubb

70 medlemmar 2018


Volda rideklubb har no bikka 70 medlemmar for 2018! Det er veldig kjekt at så mange ønsker å vere medlem av klubben. 

Er du ikkje medlem av klubben men ønsker å bli det? Sjå prisar og anna info her: Bli medlem

Vellukka juniorridetur


Tysdag 23. januar arrangerte Volda rideklubb ridetur for juniormedlemmane våre frå golfbana i Vassbotnen til badeplassen Årneset. Fem juniorar melde seg på, der fire reid på lånt hest.

Det var litt regn i lufta, men det gjorde ingenting. Vi hadde ein koseleg tur.

VRK legg opp til fleire ulike aktivitetar for juniormedlemmane framover våren. Dei som vil sikre seg informasjon om desse vert oppmoda om å betale medlemskontingent snarast. Sjå her for prisar mm: Juniormedlem

Folketoget 17. mai


På 17. mai stiller det to hestar frå Volda rideklubb fremst i folketoget. Det blir Liv Jorunn Nyhagen på Pokemann og Randi Mork på Odin.

Lenger bak i toget går resten av klubben med fana. Vi håper at mange medlemmar ønsker å gå ilag med oss i toget.

God 17. mai!

Internt klubbstemne i sprang

 
Volda rideklubb byr inn til internt klubbstemne i sprang

Søndag 10. september kl 16.00

Konkurransene går på 20x60m-bane, med oppvarming på 20x60m-bane parallelt.

Les meir…