Innkalling til årsmøte 2020

 

Torsdag 27. februar blir det årsmøte for rideklubben i Kårstadvegen 10 kl. 19.30.

Saker til årsmøtet må vere styret i hende innan 10. februar. Send ein epost til styret@voldarideklubb.no om du har innspel som bør vere med på årsmøtet.

 

Sakliste:

  • Val av sekretær
  • Val av dirigent
  • Val av 2 representantar til å signere protokollen
  • Godkjenning av inkallinga og saklista
  • Lese opp årsmeldinga og godkjenne den
  • Godkjenne det reviderte rekneskapet
  • Medlemskontingent og baneleige
  • Val av styre

Vel møtt!

VRK er Rent Idrettslag


Styret i Volda rideklubb gjekk i førre møte gjennom ein kursbolk knytt til antidoping, og vart sertifisert som Rent Idrettslag. Det tyder at vi tek avstand frå bruk av doping og prestasjonsfremmande midlar. Sertifiseringa er gyldig i to år, fram til 16.01.22. Lurer du på kva som vert rekna som doping eller ikkje?

Les meir om det i lenkja her: Doping og medisinlister

Klubbstemne i sprang


Søndag 3. november arrangerte VRK årets siste sprangstemne. Rundt 15 ekvipasjer møtte fram, og reid mange fine runder i det kalde vêret.

Juniormedlemmane fekk tilbod om å låne hest, og elleve deltakarar kom seg fint gjennom 20 cm. Fleire ekvipasjar debuterte på dette stemnet, og det var kjekt å sjå at alle klarte seg bra. No gler vi oss til våren og fleire aktivitetar!

Sjå resultat frå stemnet her: Resultat utvida klubbstemne sprang 03.11.19

Internt klubbstemne i sprang


Volda rideklubb inviterer til internt klubbstemne i sprang på Vollane ridebane søndag 3. november 2019 kl 12.00

· Banebyggar og dommar: Liv Jorunn Nyhagen (SBBA/SDA)
· Påmelding til Linn Mork på epost: linn@voldarideklubb.no innan laurdag 2. november kl 12.00.
 
· Oppgi namn på rytter/hest, og kva klasse du vil starte.
Vi vil så langt det er mulig finne hestar til dei som ikkje har eigne hestar i klasse 1.
· Opplys i påmeldinga om du har behov for å låne hest (klasse 1). Om du ikkje har eigen hest og vil starte høgare klasse enn 20 cm må ein avtale det sjølv direkte med hesteeigar.
· Startlister kjem ut på Volda rideklubb si facebookside laurdag ettermiddag/kveld.
· Vi starter med 40 cm og går vidare til 80 cm. Når 80 cm er ferdig bygger vi ned til 20 cm.
· Det vert enkel kiosk.
· Vi tek kontant betaling, vipps og bankkort.

Klasser:
Kl. 1: 20 cm CR (lov med leiar) kr 100
Kl. 2: 40 cm CR kr 100
Kl. 3: 50 cm CR kr 100
Kl. 4: 60 cm CR kr 100
Kl. 5: 70 cm CR kr 100
Kl. 6: 80 cm 238.2.2 kr 100 gåvepremie

CR betyr at om ein riv første runda, så har ein muligheit til å prøve ein gong til. Sløyfer til alle feilfrie.
Vipps startavgift: 517489
Vipps kiosk: 521852

Stemnet er ope for medlemmar i Volda rideklubb.
Ta kontakt med Linn Mork om du lurer på noko.

VRK med over 100 medlemmar


Hausten 2019 bikka Volda rideklubb medlem nummer 100! Dette er litt av ein milepæl for klubben, og det er kjekt å sjå den store medlemsveksten vi har hatt siste åra!