Nye hjelmar og vestar

Tidlegare i år søkte Volda rideklubb Gjensidigestiftelsen om 25.000 kroner i støtte til å skifte ut sikkerheitsutstyret i klubben. Vi fekk støtte, og no har varene kome. Når korona-krisa er over kan juniormedlemmar (og andre) gle seg til å bruke heilt nye ridehjelmar og sikkerheitsvestar. Vi har også kjøpt inn fleire små stigbøylar og stigbøylereimer.