Kakesal til ridehall

Til alle våre medlemmar! Då er det store kakesalget i gang igjen og klubben treng DI hjelp! Dette er ein enkel å fin dugnad for å få gode pengar til ridehall. Hjelp oss med å selge kaker og karameller fram til 21. mars kl 20.00 og gi beskjed til livjorunn@voldarideklubb.no om antal (kakene vil kome før påske).

Her er ei bestillingsliste som er fin å printe ut og legge i kantina på jobb eller på skulen: Bestillingsliste kaker og karameller. Kjempeenkelt, bestillingane blir gjort omtrent av seg sjølv. Eit anna tips er å dele innlegg om kakesalget på facebook, snap eller instagram, det brukar å vere veldig effektivt.

Dersom du vil kjøpe kaker med oss kan du bestille det på epost, 60 kr pr boks: styret@voldarideklubb.no.

Sjå alle produkta på nettsida til Nordkak: Bestillingsliste kaker og karameller

FLEIRE NYHENDE