Hugs medlemskontingent og anleggsleige

Då er det nye året godt i gang, og denne vinteren kan Volda rideklubb endeleg tilby føreseielege treningstilhøve innandørs i ridehall! Hallen opna for bruk om kvelden 22. desember 2020, og har vore mykje brukt sidan då. Det står framleis att litt småplukk, samt bygging av varmerom, men hallen fungerer godt. Styret minner alle brukarar om å betale kontingent og løyse anleggsleige. Informasjon om prisar etc finn du i fana “medlem” oppe på sida. Alle tidlegare medlemmar skal ha fått tilsendt e-post med informasjon.