Haustshow i haustvêr


Søndag 27. oktober arrangerte Volda rideklubb Haustshow på Vollane ridebane. Det vart synt fram seks ulike, fartsfylte innslag, og etterpå var det tilbod om barneriding og strigling.

I overkant av 100 personar trassa det kalde og sure vêret for å få med seg showet, og det vart god underhaldning for pengane. Publikum fekk mellom anna sjå presisjonskøyring, tønneløp, miniski etter hest, feltritt, dressurkvadrilje og sprangriding over flammar. Tusen takk til alle som hjelpe til, og ikkje minst til alle som tok turen.