Hanne Brunvoll med 1. plass i MB dmp køyring


Klubben vil gratulere
 Hanne Brunvoll og Liaguten som starta NM i køyring på Starum i helga for Volda Rideklubb. Dei fekk 1. plass i MB hest/ponni dressur og presisjon, og ein 4. plass i Maraton. Sammenlagt gav det ein 1.plass i MB dmp!

Les meir om Hanne frå notis i Møre: 

Tok sterk 1.-plass under NM køyring
Hanne Brunvoll og fjordhesten Liaguten, som i år representerer Volda rideklubb, gjorde ein sterk innsats under årets NM i køyring på Starum. NM gjekk av stabelen i helga som var. Brunvoll konkurrerte i klassen Middels B, stemnet si nest høgste klasse, og starta med å vinne dressurkøyringa med 72,9 prosent. I maraton hamna ho til slutt på ein 4.-plass, før ho igjen klatra opp til ein ny 1.-plass i presisjonskøyring.

Samanlagt heldt dette til ein klar 1.-plass, kring elleve poeng framfor nummer to. Det var seks startande i Middels B DMP. I sjølve NM klassen, som gjekk i Vanskelig B, vart det bronsemedalje til ei anna ekvipasje frå Møre og Romsdal, nemleg Eivind Davik og Amigo Waleur. Dei representerer Nordvest hestesportsklubb. Denne ekvipasjen skal dessutan representere Noreg under VM i køyring i Nederland om tre veker.

FLEIRE NYHENDE