Halvvegs til målet


VRK har selt sponsorrosettar til private for 76.000 kroner til no! Det er over halvparten av rosettane som vi har bestilt inn! I tillegg har vi eit mål om å samle inn 15.000 kroner på Spleis, der målet er godt innan rekkevidde! Det er kjekt å sjå at gjevargleda er stor både hos hestefolk og bygdefolk. Det har kome inn fleire større beløp på 10.000 og 5.000 kroner, i tillegg til mange på 1.000 kroner. Tusen takk til alle!

Og det er framleis rosettar på lager for dei som ikkje har kjøpt enno. Vi har avventa salet inn mot næringslivet no i korona-krisa, men håper å ta dette oppatt no etter påske, når samfunnet byrjar å kome litt meir i gjenge att. Har di bedrift lyst å støtte oss, ikkje nøl med å ta kontakt!

28. april skal formannskapet handsame søknaden om vår om kommunal lånegaranti, og vi kryssar fingrane for positivt svar og byggjestart på hallen til sommaren.