Gravearbeid til ridehall

Torsdag 16. juli tok Humberset Maskin første spadetak til den nye ridehallen i Volda! Ein stor merkedag! Grunnarbeidet tok elles til for fullt måndag 3. august, og det er venta at fundamenta skal støypast i løpet av august. Delane til sjølve hallbygget er venta levert på plassen i starten av oktober, og så vil bygget byrje å reise seg. Vonleg er vi på plass i nybygget før jul.