Det nærmar seg klubbstall

13.-14. oktober vart det støypt plate til klubbstallen og fundament til varmerom i ridehallen. Om få veker byrjar tak og veggar å reise seg, og målet er at leigetakarane kan flytte inn i stallen i god tid før jul. Det må påreknast ein del dugnadsarbeid framover, knytt til montering av stallinnreiing, møblering av salrom og oppsetting av paddockar. Meir informasjon kjem. Det blir kjekt å endeleg få eit komplett hestesportsanlegg i Volda!