header1
Foto: Merete Rotevatn
header2
Foto: Merete Rotevatn
header3
Foto: Edvin Stålem
header4
Foto: Ingvild Hansen
previous arrow
next arrow

Bilete

Søndag 27. oktober 2019 vart det arrangert haustshow på ridebana med innslag som tønneløp, dressurkvadrilje og snørekjøring med miniski. Til slutt var det barneriding og strigling for dei yngste.

Helga 28-29. september 2019 arrangerte VRK KM i dressur på Vollane ridebane for første gong. Det vart eit veldig vellykka arrangement. Foto: Evelyn Brunvoll

For første gong på 10 år arrangerte Volda rideklubb d-stemne i sprang på ridebana. Med nytt hindermateriell sponsa av Sparebank 1, Sparebank Møre og Tussa vart det eit veldig vellykka stemne. Foto: Benedicte T. Seim

På Kristi Himmelfart arrangerte klubben utvida klubbstemne og klubbstemne i sprang. Det var også opent for juniormedlemmar å delta på lånte hestar.

I år var det Liv Jorunn Nyhagen på Pokemann og Anna Mork på Odin som gjekk fremst i toget. Lenger bak i toget gjekk resten av klubben med fana og kjepphestar. Foto: Arnfinn Mork.

For første gong stilte rideklubben opp i Pride-paraden i Volda. For anledninga kledde vi hestane ut som einhjørningar. Det var eit populært innslag i toget. Foto: Kjell Arne Steinsvik

I år gjekk Liv Jorunn Nyhagen/Pokemann og Randi Mork/Odin fremst i toget. Lenger bak gjekk resten av klubben med fana vår.

Nokre bilete frå året 2017 med Volda rideklubb

Søndag 29. juni hadde vi sommarshow på ridebana for å feire at klubben er 20 år! Foto: Ingvild Runde og HumbersetFoto.

I år var der med tre hestar fremst i folketoget, Botnar, Pokemann og Enja. Lenger bak i toget gjekk resten av klubben med fana vår. Foto: Per Ove Mundal, Edle Holmin og Øyvind Rødset

Bilete frå haustshowet, glimt frå voltige 25. oktober 2015. Foto: Bodil Molvik

I år er det niande gong vi stiller med hest i folketoget. Vi hadde i tillegg heile 4 hestevakter bak hestane, og der var 12 personar som gjekk lengre bak i toget i lag med fana vår. Foto: Øyvind Rødset, Andreas Eikrem og Per Ove Mundal.

Søndag 28. september arrangerte vi haustshow med mykje forskjellige innslag. Når showet var ferdig fekk barna sleppe til på barneriding, køyring og strigling.

Søndag 24. august arrangerte vi internt klubbstemne i sprang og dressur på Vollane ridebane. Der var mange debutantar på dette stemne og vi var heldige med veret. Foto: Liv Jorunn Nyhagen

1. juni 2014 hadde vi sommarshow og marknad på ridebana. Under showet viste medlemmane fram blant anna sprangkvadrilje, høgdehopping, islandshestkvadrilje og snørekjøring. I tillegg hadde vi barneriding, strigling av hest og junior-gymkhana. Foto: Ingvild Hansen og Live Rotevatn.

I år hadde vi med 3 hestar fremst i toget; Svarta, Pokemann og Anastasia. Lenger bak gjekk resten av rideklubben med fana vår.

Onsdag 30. oktober hadde vi stalldag for barna frå Volda asylmottak. Mange barn møtte opp og dei fekk både møkke, strigle, måle opp høy og sitte på kvar si runde på hesteryggen.

Med 10 deltakarar fordelt på to grupper arrangerte vi ridekurs for juniorar 26 - 27. oktober. Det vart eit vellykka kurs med mykje framgang blant deltakarane.

Fjordhest NM gjekk føre seg på Nordfjordeid i år frå 8. til 13. juli. Vi hadde fleire deltakarar frå Volda rideklubb. Foto: Ingvild Hansen og Andreas Eikrem

Over tre tirsdagar i mai og juni arrangerte klubben juniorkurs. Der var 10 ungar påmeldt. Dei to første tirsdagane fekk dei ri på bana. Den siste tirsdagen var det ridetur inn Markavegen med forskjellige postar. Foto Liv Jorunn Nyhagen og Magne Holmin

Søndag 2. juni hadde vi sommarshow og marknad på Vollane ridebane. Mange møtte opp på denne dagen der vi hadde både showinnslag, barneriding, strigling av hest, hesteskokasting og juniorgymkhana. Foto: Janita Sporstøl, Hjørdis Almelid Vikenes og Stine Akeren Bjørdal.

For 7. ande året på rad har klubben representert seg i folketoget med to hestar i tillegg til fleire av medlemmane gåande med fana vår. I år var vi veldig heldige med veret, strålande sol og varmt.

13 - 14. april hadde vi køyrestemne i dressur, presisjon og maraton med rundt 18 deltakarar frå Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane og Austlandet. Foto: Merete Rotevatn

1-2. september hadde vi køyrestemne i presisjon med innlagt maratonhinder på Vollane ridebane. Foto: Kjersti Stålem og Edle Holmin.

21-22. april arrangerte vi utvida klubbstemne i dressur på Vollane ridebane. Foto Merete Rotevatn og Edle Holmin.

Diverse bilete frå åra hestane Svarta og Pokemann har vore med i folketoget på 17. mai.

Laurdag 9. juni hadde vi sommarshow på Vollane ridebane. Der var mange frammøtte og klubben viste blant anna fram både snørekjøring, junior-gymkhana, sprangkvadrilje og klovneshow. Vi hadde også NRK på besøk som filma Martine på Celine under junior-gymkhanaen. Alle foto: Merete Rotevatn

Sjølv om det var snø på ridebana stilte mange ivrige unge ryttarar opp på junior-gymkhana.

Søndag 23. september deltok vi med barneriding og køyring i Volda sentrum i forbinding med opning av Kvivsvegen. Vi vart hyra inn av Volda næringshage og fekk ein sum for å stille opp så barna fekk sitje på i vogn og ri gratis. Foto: Merete Rotevatn.

Søndag 11. september arrangerte vi utvida klubbstemne i presisjonsskøyring på Vollane ridebane. Vi hadde deltakarar frå Volda, Ørsta, Emblem, Haram og Sula.

Søndag 5. juni var dagen for å offisielt opne Vollane ridebane. Vi fekk ordføraren på besøk for å klippe snora og hadde mykje morosamt program. Der kom over 100 besøkane for å feire bana ilag med oss. Foto: Ståle Hansen

Natt til 1. juledag 2011 herja orkanen Dagmar på ridebana og flytta på dommarboda, sendte noko av handikaprampa til skogs, knakk eine kortsida på gjerdet og gjorde lyktestolpane skeive. Foto: Edle Holmin

Vi hadde d-stemne i sprang 20. juni på Vollane ridebane, det siste sprangstemnet før vi flytta bana.

30-31. oktober arrangerte vi juniorkurs med 12 deltakarar. Vi hadde ein stalldag og resten av kurset foregikk på ridebana.

Sommaren 2010 arrangerte Ørsta ride- og køyreklubb og Ørsta og Volda Fjordhestlag fjordhest NM i Ørsta. Fleire fra klubben vår deltok. Alle foto: Merete Rotevatn.

Over 4 dagar i løpet av to veker hadde vi rideøkter, strigling og tur for barn fra Volda statlege mottak. Det var veldig populært og ungane storkosa seg. Her er bilder frå strigling av Svarta og Linka. Alle foto: Edle Holmin

Her er diverse bilder frå korleis Vollane ridebane vart til. Foto: Edle Holmin.

Vi samarbeida med Ørsta og arrangerte utvida klubbstemne i presisjon 19. april. Alle foto: Ingvild Hansen

Vi arrangerte d-stemne i sprang 24. mai i Ørsta i samarbeid med Ørsta ride- og køyreklubb. Her er nokre bilete av ekvipasjene. Foto: Helge Ressem.

I mai hadde vi dressurstemne på Solvollen ridebane. Foto: Edle Holmin

Søndag 11. juni feira klubben 10 år ved å halde eit sommarshow på Solvollen ridebane. Der var forskjellig innslag som dressurkvadrilje, følloppvisning og longering. Alle foto: Ingvild Hansen.

Etter 3 år utan ridebane fekk vi endeleg på plass ei bane på Solvollen. Her kan du sjå nokre bilete frå opningsshowet der ordføraren var tilstades.

Her er ein del bilete frå gamle dagar frå då ridebana var på stadion.

Hovudsponsor:

Sponsorar nettsida:

VMlogo_stående_rødogmørk_digital


Klubbkle:


★ Medlemstilbod:

20% rabatt på kjøp av utstyr på Smart Stall

Nyheitsarkiv