Arbeidet med Botnavegen skrid fram

 
Møre hadde nyleg ein artikkel om framdrifta i arbeidet på Botnavegen. Som dei fleste sikkert har fått med seg, så skal det byggjast fortau langs vegen. I samband med dette byggjer kommunen ny veg til ridebana vår på Rotevatn (startar like etter brua).

Det er Aurstad AS som har arbeidet, og det er venta at begge vegane skal vere ferdigstilt til juni neste år. Styret i VRK oppmodar alle som ferdast i anleggsområdet om å bruke refleks, og vise omsyn til arbeidet som vert gjort.

Les artikkelen frå Møre her: Gjer tyngste arbeidet først